NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 6. februar 2017

SAMISK KULTUR I BARNEHAGEN

I dag 6.februar er det Samefolkets dag.
Gjennom arbeidet med fagområdet Nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna vert kjend med at samane er Norge si urbefolkning, og at dei får kjennskap til deler av samisk kultur og kvardagsliv.

Slik markerte vi dagen:
Vi starta dagen med felles samling, og fekk eit innblikk i korleis samane lever.  
Vi har høyrd på joik og anna samisk musikk.
Dei som ville fekk smake på tørka reinsdyrkjøt.

Ute kasta vi lasso.


Varmt og godt å sete på reinsdyrskinn medan ein venter på at bålet skal bli klart.

Barna laga eigne smørbrødpakkar til bålet med valfritt pålegg.

 

«Bidos» er en rett som vert servert på samefolkets dag. Det er en suppelignende rett som vi vil prøve ut som turmat seinere.
matoppskrift.no ligg der mange samiske rettar ein kan prøve ut.

Ei gruppe frå Ekorna var på tur i dag og stakk innom oss for å ete mat. 
Kjekt med besøk!