NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 17. februar 2017

Harane på busstur til Tennfjord og Bokbåten Epos 16.02.17

Det er alltid spennande med busstur! Kapteinen på Bokbåten tok imot oss då vi kom ned til kaia i Tennfjorden. Torunn Tusj var klar med forteljarstund der barna fekk vere med å bestemme innhaldet. Det var ei historie om ei slem jente som ikkje hadde nokon venner før ein pingvin og ein snill gut dukka opp. Vi las og såg litt i bøker, før vi måtte studere bokbåten litt meir. Kapteinen lurte på om han skulle prøve fiskelukka. Det var spennande å sjå om han fekk fisk på fiskestanga. Det vart ingen fisk, så då tok vi fatt på vegen tilbake til barnehagen. Første stopp var ein spennande leikeplass i Trolldalen. Det var eit litt skummelt namn, men veldig kjekt å leike der. Harane var kjempeflinke å gå, men vi måtte stoppa litt på «kafe» på Bunnpris, før vi tok fatt på siste etappe tilbake til barnehagen. J