NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 5. februar 2017

På leit etter…… Lavvoen!

Onsdags morgon pakka fire born frå Nøtteliten sekken og kledde seg for tur til lavvoen. Planen var at alle 2014 skulle på tur, men grunna sjukdom vart vi i mindretal. Då fekk to 2015 vere med i staden. Vi var veldig spente på kor vi eigentleg skulle gå, for der har vi aldri vore før, og kva er eigentleg ein lavvo?
 



Det var bratte bakkar, så innimellom trengte både små og store ein liten pust i bakken før vi gjekk vidare. Høgt oppe såg vi ned på alle båtane som er rett utanfor vindauget til Nøtteliten. «Woooow! Masse båtar» seier dei. Vi kom også over ei stor sølepytt som hadde fryst til is, den måtte vi sjølvsagt både smake og trakke litt på. 


Siste innspurt før vi svinga inn til lavvoen høyrte vi nokon. Skal tru kven det er? Er det ei lita klatremus, eit troll, eller er det bedehusbarna kanskje? Forslaga var mange, men jammen var ikkje det dei kjekke bedehusharane som var på tur ilag med Merete og Laila. Det var kjekt å møte søsken og eldre barn på tur. Vi hadde det så kjekt ilag! Inne i lavvoen hadde Harane fyrt i ovnen, så der var det godt og varmt når i skulle ete lunsjen vår. Hit skal vi på tur fleire gongar!