NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 19. februar 2017

Puss, puss

“Puss, puss, så får du en suss
Puss, så får du en suss
Hver eneste tann med børste og vann
Puss, så får du en suss”


"I småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motorisk dugleik, kroppskontroll, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ta vare på helse og livskvalitet."
(Rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver, 2011).

Nøtteliten arbeider med å legge til rette for gode vaner med tannpuss etter frukost i barnehagen. Borna stortrivst når vi pussar tenner. Det å få “pusse tanna” lyser opp alle morgonane. «Heia, heia, heia», seier dei i kor gjennom gangen fram til døra til badet. Borna er flinke til å pusse sjølve og viser gladleg fram dei reine tennene etter pussinga er ferdig. Dei stiller seg forhåpningsfull på krakken ved vasken, pussar, og sett tannkosten på plass igjen, før dei tek eit papir og tørker munn og hender. Applaus og jubel er også ikkje uvanleg etter denne rutina.