NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 23. februar 2017

Feiring av bursdag og innviing av bålpanna

Onsdag 22.feb hadde vi ein strålande dag ute. Ein voksen og tre barn gjekk ut kl.08.00 for å montere den nye bålpanna vår. Når vi andre gjekk ut, hadde dei fått fyr på bålet og sat og kosa seg. 
Ein av gutane vart seks år denne dagen. Han og ein kamerat blei med ein vaksen utanfor barnehageområdet og henta pinnar, som vi skulle smi pølsepinnar av. Dei måtte telje for å vere sikker på at vi hadde nok pinnar til alle saman, før vi bar det tilbake til barnehagen. Kjekt med sterke barn som kan vere med og bere. 

                                                   

Bursdagsbarnet fekk trekke songar, han og dei andre fekk høyre eventyret om Raudhette og ulven. 
Og til slutt vart bursdagsbarnet kasta seks gongar opp i lufta. 


Kjekt å få spikke grillpinnen sjølv! Etterpå var det tid for grilling.


Pølser med pinnebrød og pinnebrød med sukker og kanel på sjølvspikka pinnar smakar kjempegodt J