NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 4. mai 2017

Skum, vatn og stor jubel i Brakkebyen!

Forrige veke hadde vi ei kjekk studinne, Maren Beate, ilag med oss her på Nøtteliten. Ho skulle planlegge og gjennomføre ein pedagogisk aktivitet som er inkluderande og gjev alle barna ei kjensle av meistring. Maren Beate hadde laga ein flott aktivitet knytt til fokusområdet, nemleg leik med vatn. Vi var svært heldige med at sola sto høgt på himmelen, så det å måtte ha på regnklede og støvlar var ikkje alle like einige i. Men når vi drog ut brannslangen og fylte ein stor stamp og fleire bøtter med vatn og såpeskum, sto jubelen høgt! Ekorna fekk også vere ilag med oss. I tillegg til stampen laga vi ei elv i sandkassa, nokon hoppa frå kanten og rett i dammen, andre vaska motorsyklane i gjørma, mens nokre laga deilege skumkaker! Så kjekt å leike vatn!