I dag hadde vi samling om det som skjedde 8. mai 1945 når
krigen i Norge var slutt etter 5 år. Tenk nesten like lenge som Revane har
levd. Vi snakka om korleis det var å bu i eit land der det er krig, kor glade
dei var den dagen det vart fred. Vi hadde 1 minutts stillheit, der vi skulle
tenke på det som hadde skjedd. Tenk kor heldige vi er som har fred i Norge.