For nokre deilege dagar vi
har fått! Dei har vi sjølvsagt utnytta til det fulle med mykje utetid! Heilt
fantastisk å sleppe både regnklede og tunge vinterdressar, no er trivselen på
topp!
Rett utanfor Brakkebyen er der ei flott fjære.
Kvar dag ser vi på båtane gjennom vindauga, måsane som sitt på lyktestolpen og
høyrer fuglane som syng i kor. For ei utsikt vi er så heldige å ha! Dette er
eit området vi kjem til å nytte oss meir av. Dei som har fått vore der nede
storkosar seg! Mange steinar som plaskar i sjøen når vi kastar dei, tang og
tare som er spennande og kjenne på, og brått dukkar det opp både småfiskar og
små krabbar.
Naturen gir rom for eit
mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags ver. Rammeplanen
for barnehagens innhald og oppgåver seier at gjennom arbeid med natur, miljø og
teknikk skal barnehagen bidra til at barna oppleve naturen og undring over
naturen sitt mangfald. Og at dei skal få oppleve glede ved å ferdast i naturen
og får erfaringar med dyr og vekstar.