NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 5. mai 2017

Førskulegruppa på Leirdag på Vestheim

Saman med Førskulegruppa på Tryggheim barnehage, Brattvåg starta vi dagen (onsdag 3.mai) med ein busstur frå Barnehagen til Vestheim på Vestnes. Når vi kom fram fekk vi bollar og frukt før vi hadde ei lita samling i salen, der vi fekk høyre litt om kva vi skulle gjere denne dagen. Og vi song litt songar i lag med Hege, som vi bruker å få besøk av. Vi fekk og helse på dokka Siri. 





Etterpå gjekk vi ut, der vi fekk prøve 9 ulike postar.

Vi spytta rosiner, om å gjere å spytte lengst. Vi pusla puslespel og lærde eit lite bibelvers.



Vi kasta ball og prøvde å treffe opp i bøtta. Vi svarte på ulike spørsmål, gjetta på kva som var gøymt bak nokre bilete, kasta på ringspel, slo med golfkølle, der det var om å gjere å treffe holet med mest poeng, og vi putta handa i ei kasse med eit lite hol, der vi skulle «sjå» med hendene kva som var i kassa. Og vi frakta vatn frå ei bøtte til eit litermål med skeier, der det var om å gjere å fylle mest vatn i litermålet.



Etter lunch var det tid for samling. Ole, ein av leirleiarane kunne mange rare triks. Han kunne til dømes skru hovudet fram og tilbake med handa si 😊 Og han lærde oss ei regle om ein fugl, med rørsler der ein brukte meir og meir av kroppen til å røre vingane, føtene, hovudet, tunga og til slutt nebbet.


Vi fekk sjå flagg frå Bolivia, Eritrea, Kina og Noreg. Som er land der Nlm jobbar. Så var det tid for flyreiser til Bolivia, Eritrea og Kina. Vi fekk høyre litt om landa og sjå og høyre om klede, instrument og andre rekvisita frå dei tre landa. På desse flyreisene var vi i lag med Tryggheim Torvikbukt, og ein av dei vaksne frå Torvikbukt var «flykaptein».


Vi hadde ein kjekk dag på Vestnes i lag med mange kjekke barn og vaksne. Nokre fekk og nye vener. I tillegg fekk vi to fine bussturar rundt Vestrefjorden, Rekdal, Fiksdal og Tomrefjorden. Då fekk mange sjå nye stader, og Louise, Mathias og Markus fekk peike ut husa sine. På Solstrand og Langstein såg vi store kraner som var i bruk for å bygge/reparere båtar. Og vi fekk sjå Sauer, lam og geiter, som gjekk på markane.

--------------------------

Vestheim er ein av Leirstadane til NLM region Nordvest. 
Meir info finn du på denne nettsida