“Puss, puss, så får du en
suss
Puss, så får du en suss
Hver eneste tann med børste og vann
Puss, så får du en suss”
"I småbarnsalderen tileignar
barna seg grunnleggjande motorisk dugleik, kroppskontroll, fysiske eigenskapar,
vanar og innsikt i korleis dei kan ta vare på helse og livskvalitet."
(Rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver, 2011).
Nøtteliten arbeider med å legge til rette for gode vaner med tannpuss etter
frukost i barnehagen. Borna
stortrivst når vi pussar tenner. Det å få “pusse tanna” lyser opp alle
morgonane. «Heia, heia, heia», seier dei i kor gjennom gangen fram til døra til
badet. Borna er flinke til å pusse sjølve og viser gladleg fram dei reine
tennene etter pussinga er ferdig. Dei stiller seg forhåpningsfull på krakken
ved vasken, pussar, og sett tannkosten på plass igjen, før dei tek eit papir og
tørker munn og hender. Applaus og jubel er også ikkje uvanleg etter denne
rutina.