Om hausten er det mange vakre
inntrykk i naturen. Tre blir farga i grøn, oransje, gul, raud og brun, himmelen
ser ut som eit maleri om morgon, og store endringar skjer både med temperatur
og vær. Dette er ein inspirasjon for nokre av aktivitetane for Lilla gruppe på Ekorna.
På avdelinga Ekorna har Lilla gruppe natur og dyr i fokus denne
hausten. Barna skal få oppleve naturen og få undre seg over mangfaldet i
naturen. Vi skal legge til rette for at dei får erfaringar med og kunnskap om
dyr og vekstar i nærområdet.
I den anledning har vi blant
anna vore på ulike turar i nærområdet. Vi har blant anna besøkt hestar på
gardar, besøkt den gamle barnehagen, vore på tur opp til kyrkja og ned til
Gurinesbukta. På dei ulike turane har vi helsa på ulike dyr og sett på ulike
plantar og vekstar. Vi har sanka inn både blad, steinar og andre fenomen frå
naturen. Dette har vi igjen brukt til ulike aktivitetar i barnehagen. Barnegruppa
har mala solnedgangen, hausttre og laga andre kunstverk. Barna har også fått
laminert blad dei har plukka på tur.