NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 26. oktober 2016

Bokbåten EPOS ved kaia i Tennfjorden


Så kjekt at vi fekk sjå bokbåten Epos legge til kaia.


Vi var litt tidleg ute, så vi var heldige med å få gå inn først.

                              



Her var mange spennande bøker å sjå i.

..............................................................

Endelig begynte det! Der var ei dame som skulle fortelje eventyr til oss.
Kvar finn ein bolletjuven? Kan ein golvmopp bli til ein prins? Må ein være ei prinsesse for å kunne kjenne ei ert under hundre madrassar? Desse spørsmåla fekk vi svar på med skodespelaren Astrid Elise Sæterøy.


Ja! Ein golvmopp kunne bli ein prins!


På leiting etter dronninga.


Kongen vart ein dokost.


Det var mange stilige rekvisittar ho hadde med seg!


Der dukka endelig prinsessa opp. Å trur ikkje dokke ho var ekte? Ho kjente nemleg erta som var under hundre madrassar.


Sjå! Heldigvis fant prinsen og prinsessa kvarandre.



Bokbåten er eit samarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland og Møre og Romsdal. Sogn og Fjordane var også med i dette samarbeidet i over 50 år, men måtte avslutta bokbåttenesta hausten 2015, p.g.a. nedskjeringar i den fylkeskommunale økonomien.
To gonger i året besøker Epos både øyar ytst i havgapet og bygder inne i fjordane. I Hordaland har kvart stopp ein kontaktperson som tek i land 200 – 400 bøker og lydbøker. Denne samlinga fungerer som eit bibliotek på staden til bokbåten kjem att neste gong. I Møre og Romsdal er det skular og barnehagar som er lånarar på stoppa i skuletida.  På familiestoppa (ettermiddag og helg) er lånarane registrert som privatpersonar som i eit vanlig bibliotek. Lånarane kan levere tilbake bøkene på kva bibliotek som helst i heile landet, eller ein kan velje å behalde bøkene til neste bokbåtbesøk.