NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 18. oktober 2016

FJELLREVANE PÅ LANG FJELLTUR



Det var ein kald morgon, ein kjempefin oktoberdag at vi Fjellrevane på Tryggheim barnehage la i veg på fjelltur. I dag, 12.okt var kun fem Fjellrevar på plass. Dei andre hadde haustferie. Langs vegen var gras og blomster fulle av rim, flotte krystaller som glitra i sola. Vi kunne veldig gjerne tenkt å smakt på det, for det er kjempegodt med is og snø, men så tenkte vi på hunda og katta, tenk om dei hadde tissa, eller.. esj! Det kom røyk ut av munnen vår og på Vatnevatnet var det tjukk røyk. Brenn det, eller?? Vi undra oss i lag om kvifor det var slik.


Det var masse fine haustfargar å sjå. Vi rista litt på nokre greiner og blada dala ned. Tenk når det vart storm eller kanskje orkan. Då ville blada dette ned då! Vi hugsa ein gong før vi gjekk på tur, då regna det og blåste, så vi nesten ikkje klarte å gå!! Vi vart mint på at det kan blåse veldig, så sterk vind at store tre vart knekt rett av eller at dei kunne dette ned med rota opp. Det var mange slike tre å sjå på langs vegen.


Det var mykje å sjå på og mykje vi hugsa fra tidlegare turar. "Hugsa du når vi var der? Den mjuke mosen, at den var som ei seng og at der var så fint at eg hadde lyst å bu der?? Sjå no er firkantperikumen brun. Der fann vi masse nøtter og forskjellige blad. Den døde musa? Hugsa du når vi steikte fiskekaker der?"


Å stoppe opp, setje seg litt på benken og slappe av og få litt påfyll med frukt er viktig.


Hm, i dag var elva nesten tørr og vi måtte ned og sjekke. For under vegen er det eit stort rør og då vart det plutseleg ei bru og under den var sjølvsagt det store trollet og Bukkane Bruse.


Vips så var vi på Ulstadsætra, hadde skrive namnet vårt i boka og var på veg vidare.


Og vi enda oppe ved Ulstadvatnet, det er der vi får vatnet vi drikk i frå. Rart å tenke på. Tenk at det går store rør ned til vassverket, der blir det rensa.  For det hadde ein mann sagt til oss ein  gong, at det ikkje gjekk ann å få  reinare vatn!!


Hytta ute på vatnet, flaut den?? Det såg nemleg slik ut. Randi fortalde om ein gong barnehagen hadde gått på ekspedisjon til hytta ein vinterdag. Då var isen trygg og ein kunne gå bort til hytta. Døra er vekk og vi kunne sjå inn. Inne var det kopper på kjøkkenet, krydder i skapet. Der var dyner og tøfler. Åh, dit ville Fjellrevane også!!


Mat og litt kvile måtte til.


Vi hadde lyst å gå vidare.  Så vi balanserte på steinane over elva.


Og vi gjekk vidare oppover. Det var kjempefint å gå. Nokre plasser var det nesten som trappetrinn. Blåbær og tyttebær fann vi også.


Det var mange merker undervegs. På mange steiner stod det ein F, det var ein av Fjellrevane som kom på at det var F for Fjell, Fjellrev og Frukt!! Så vi kunne telje fem, seks eller tre F, då vart det Fruktstopp!!


Eller noko anna vi hadde med, det var Seigemanna. Mm det smakte godt!!


«Heia!! Sjå kor lang eg er. No går eg oppå deg!»  Oss hadde veldig lange skugga. Stilig!!


Otrefjellet. Vi var oppe og då måtte namnet skrivast i boka. Det kom ein mann og han delte sjokoladen sin med oss alle!


Det er eit veldig spennande fjell, med mange sprekker og steiner, så vi måtte halde oss til råsa.  Alltid ein vaksen fremst og bakerst.


Kva liknar Ulstadvatnet på? Insekt, ku, sommerfugl eller gris var av forslaga. 


IS. Glede!! Vi kunne gå på den, hoppe på den, kjenne på den og smake på den!!!




Det vart ein litt spesiell dag! Turmålet i dag var eigentleg Ulstadvatnet, men med barns medverknad og positive barn gjorde at turen vart mykje lengre enn vi  hadde drøymt om. Sjølv om vi var trøytte og slitne etter ein lang tur, så hadde vi ein fantastisk dag. Der vi hadde tid til å undre oss i lag, utfordra oss sjølve motorisk, tulla og tøysa med ord og det var mykje humor og glede! Marianne og Randi hadde i alle fall nok ein kjempetur i lag med Fjellrevane. Takk for ein toppers dag, ein slik dag vi alltid vil hugse med glede!!