Som
avslutning på temaet «Henry-førstehjelp for barnehagebarn», arrangerte Bikuba
kosedyrsjukehus fredag 14.okt der vi inviterte alle på Maurtua + kosedyra våre. Barna hadde
med kosedyr som doktorane hjelpte så godt dei kunne. Vi
rensa sår, sydde sår, sette sprøyter, lytta, målte blodtrykk, dei fekk medisin,
vi plastra og bandasjerte. Det aller viktigaste var at dei fekk mykje kos og
omsorg!
Gjennom
dette temaet håper vi at vi har auka barna sin kunnskap og interesse for
førstehjelp. Sjølv små barn kan ta ansvar, vise omsorg og hente hjelp!
Det har vore
så positivt å snakke om dette temaet, at det vil vi ta igjen gjennom heile barnehageåret.
Det
var både barn og kosedyr som trengte førstehjelp.
Vi hadde ein
skikkeleg kosedag med mykje fin doktorleik, vi såg dvd om Karsten som måtte på
sjukehus, - og så avslutta vi med koldtbord med deilige heimelaga rundstykker.
Trøtte
kosedyr etter behandling! Ein kjekk dag for store og små!