NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 27. oktober 2016

ELEVAR PÅ JOBBSKYGGING FRÅ VATNE UNGDOMSSKULE

Måndag var Mildrid og Karoline på jobbskygging frå ungdomsskulen på Vatne. Eit flott opplegg der elevane får eit innblikk i ulike yrker og bedrifter rundt om i kommuna og andre stader. Denne dagen skulle dei følgje arbeidsdagen til ein barnehagelærar. 


Dei fekk vere med 3 åringane på tur og gjennomførte rebusløp  på området til «gamlebarnehagen».




Kjekt å få løyse oppgåver med tema som vi har hatt denne hausten saman med to dyktige og kjekke jenter frå ungdomsskulen. Kven veit, kanskje nokon av dei dukkar opp som barnehagelærar om nokre år?



 Lykke til vidare!