NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 1. mars 2016

BARNEHAGEDAGEN 2016


Barnehagedagen vert markert 1.mars 2016:

Med slagordet «Les høgt for oss!» handlar det denne gongen om barnehagane sitt arbeid med å sikre barn ei god språkutvikling med særlig vekt på å lese høgt for og med barna. 

I vår barnehage ynskjer vi å gi borna planlagte og tilrettelagte høgtlesingstunder i tillegg til den spontane lesinga.

På Nøtteliten ynskjer vi å språksette alt vi held på med i kvardagen. Vi vil at dei skal bli kjende med ord og omgrep knytt opp imot dei kvardagsrutinane vi har. Det å bli "bada" i ord og omgrep gjer at dei etterkvart viser både språkforståing og at dei byrjar å bruke orda sjølve. 



Barna er glade i å sjå i bøker og mange av bøkene har bilete av kvardagsting/situasjonar.

Bikuba og Maurtua har begge arbeidt aktivt med eventyret "Skinnvotten". 
Det er eit ukrainsk folkeeventyr, igjen fortalt av Alf Prøysen. Vi har dramatisert med figurar, og barna har sjølve vore med å dramatisere. Det å bruke konkrete gjenstandar og figurar gjer at eventyret får ein ekstra dimensjon for den som lyttar, når ein også får noko å sjå på. Konkrete gjenstandar kan sikre forståinga for dei minste barna og for dei som held på å lære seg norsk.




Dette har vore eit spennande tema med kulturformidling, språktrening, glede over å dramatisere og formingsaktivitetar. Vi har også fått trene på inkludering og samarbeid! Temaet har gitt barna kjensle av både glede og meistring.

I kvardagen legg vi vekt på at barna dagleg skal få oppleve spenning og glede ved høgtlesing. Og vi brukar Biblioteket aktivt.

Kvifor er høgtlesning så viktig?
Barnelitteraturen tilbyr barna erfaringar med språk som er meir komplekst enn deira eige muntlege språk, og rike erfaringar med høgtlesing utviklar og styrkar barna sitt ordforråd. Difor er det viktig at barnehagen er ein stad der alle barn dagleg møter fortelling og lesing - og ein stad der barna vert oppmuntra til å fortelle sjølv. Kort sagt - det er berre å ta fram boka. 


Gratulerer med dagen til alle barnehagar!

Det er Fagforbundet, Utdanningsforbundet og Foreldreutvalget for barnehagar (FUB) som kvart år samarbeider om Barnehagedagen.