NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 30. mars 2016

BLÅHARANE PÅ TUR TIL «EVENTYRSKOGEN»

I dag var det klart for første turen til Blåharane etter ein fin påskeferie.





På tur opp til eventyrskogen fann vi mange spanande  vårteikn på vegen, blant anna nøtter, snøklokker, larver og sniglar. Det var kjekt å sjå kva som dukka opp no når snøen hadde forsvunne frå bakken.


«Tøffe, tøffe toget»
Blåharane er så flink til å gå på ei lang rekke når det er for smalt til å gå ilag med ein turvenn.



For å kome til eventyrskogen måtte vi gå forbi lavvoen, og nokre kjempe bratte bakkar opp!! Det var slitsomt for mange, så det var godt med ei drikkepause når vi endelig hadde kome opp til toppen.



Oppe i eventyrskogen var det ei lita grotte kor vi kunne gå inn i. 
Nokre synst det var litt skummelt, og ville heller berre stå på utsida å sjå inn. Nokre barn trudde det var eit ekte bjørnehi!!



Mykje spennande å sjå og oppleve i eventyrskogen! Store steinar som vi kunne klatre på og hoppe ned frå, nokre steinar hadde også «feller» som vi kunne setje oss fast i.
Ei grein hadde velta frå eit grantre, og det var det kjempestore kongler på!! 
Vi fann også kongler som var blitt eten på.
Vi avslutta turen med mat og kakao som kunne varme oss litt, før turen gikk vidare heim til barnehagen.