NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 17. mars 2016

PÅSKEVANDRING I KYRKJA

I dag har heile Maurtua gått opp i kyrkja på påskevandring. 
Vi tok ei lita matpause på trappa utanfor kyrkja, medan vi venta på at det skulle bli vår tur.  
Vi satte oss forhåpningsfulle på dei bakerste benkane medan Astrid fortalde oss kva vi skulle gjere i dag.  



Vi fekk utdelt ¨palmegreiner¨ som vi skulle vifte med og rope ¨Hosianna¨. Det var det menneska ropte når Jesus kom ridande inn i Jerusalem.  


Alle gav kvar sin peng i tempelkista.


Den som ville det fekk vaske føtene sine.


Vi hadde påskemåltid med flatbrød og ¨vin¨


Vi fekk høyre heile historia på altertavla.



Vi fekk blomster som vi skulle legge på grava til Jesus.



Tusen takk til Astrid og Vivian som tok oss med på ei fin påskevandring!