NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 18. mars 2016

GULFEST

I dag har det vore GULFEST på barnehagen. Maurtua inviterte Bikuba på Disco først, så gjekk vi ut og hadde påskerebus, i håp om at "påskeharen" hadde vore der og lagt egg til oss.


Nokon viste ivrig fram dei kule triksa sine i ¨breakdance¨. 


Nokon svinga seg rundt.


Vi la oss ned på golvet for å sjå på det kule mønsteret i taket som vart av den nye discokula vår.


Nokon vart veldig fasinert over mønsteret som vart på oss når vi stilte oss heilt inntil kula.
Tusen takk til foreldre som kjøpte oss ny discokule!! J

ØØØØØØØØØØØØ

Litt frå påskerebusen: Vi hadde hengt opp ark som var forma som egg.  På ¨egga¨ var det repetisjon for både Maurtua og Bikuba om Skinnvotten, påska og påskesonger som dei måtte svare på eller synge.


Ei forventningsfull gruppe ventar på å få begynne på påskerebusen.


"Kven er dette?"


                                                                                                                     
Oi oi, det er ein post der oppe!!


Syng ein song om ein kylling.


"Kva heiter desse dyra her frå eventyret om Skinnvotten?"


Kvar kan haren ha lagt påskeegget? At med ei dør med ei bie på? Hmm.. BIKUBA! J


Vi fant påskeegget! Namm.. så mykje godt «haren» hadde lagt oppi.


Tilslutt hadde vi litt av eit festmåltid med ferske rundstykker og muffins .
For ein super dag ! J

GOD PÅSKE TIL SMÅ OG STORE 
FRÅ SMÅ OG STORE PÅ TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE!