NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 13. april 2016

Blåharane på «Ekspedisjons-tur»


I dag var vi enige om at vi skulle opp i skogen.


Vi gjekk forbi lavvoen vår, men måtte stoppe litt å plukke nøtter og sjekke om nokon hadde flytta inn i fuglekassa vår! Men vi såg ingen (endå vi var veldig stille), men vi høyrde mange fugler som sang fint i skogen, kanskje dei vil flytte inn??


På vegen vidare var det nokon som stoppa opp; Kom å sjå!!

 

Nokre la blad på den så den skulle ha det litt betre. Hade mus!!

 


Vi klatra, kraup, hoppa og leikte oss, det er så gøy og alle har vorte kjempeflinke og meistrer mykje med kroppen sin. 

Randi lurte på om dei ville vere med på ekspedisjon. JA! Åh, kor spennande. Vi gjekk vidare oppover, klatra og kraup. Vi såg etter froskeegg, men det var ingenting å sjå.
Kanskje vi må kome tilbake når det er litt varmare??





Vi kom inn i eventyrskog. Var der troll?? Finst det eigentleg troll?? Det var mange diskusjonar, veldig spanande.


Sola skein so fint på ei lita mark. Der sette vi oss ned og åt maten vår.



Glede!! Vi fann snø! Prøvde å lage snøball, sila oss, heldt den i handa so den smelta.




Vi såg heile verda! Heilt ut på Harøya og vi telte 5 vindmøller. Mange såg husa sine og vi kunne faktisk sjå Moa også.



Det var ein flott ekspedisjon over mo og myr, der vi klatra oppover bakke, over tre, gjennom busker og når vi kom gjennom den tette granskogen med kjempemjuk mosebotn, so kunne vi faktisk ha tenkt å budd der! Kjempeflott tur med spreke og kjekke Blåhara!

Skogmusene på fjøretur


 

I dag var det spennande å studere om det hadde vorte liv og røre i fjøra. Det første vi såg var ei stor flyndre som låg på ein stein. Kanskje det var ein stor fugl som hadde fanga fisken? Vi fann ut at det kanskje måtte vere ei ørn! Det var mange fine skjell i fjøra, både blåskjell, hjarteskjell og albueskjell, men krabbene hadde ikkje komt fram endå. Det var nok litt for kaldt i dag. Vi kokte oss tomatsuppe med makaroni. Alltid kjekt å hjelpe til å røre i suppa! Det smakte kjempegodt. 

 

Spennande å leike med dei flotte hjarteskjella! Flyndra var litt rar å sjå på!


Her prøver vi fiskelukka i elva.




Kjekt å lage middag på tur! Skogmusene koser seg i flott vårver!


Kvitveis fann vi i dag også.


Og vi fant eit flott klatretre i fjøra! 

mandag 11. april 2016

Besøk på Nøtteliten


Sist veke hadde vi besøk av Karoline på Nøtteliten. Ho hadde PRYLO-veke/arbeidsveke her med oss. 


Ho fekk bli med når vi skulle male vårbilder. 


Vi ville ha litt glade og lyse farger inspirert av at våren er her. 



Å male kan vere ei sanseleg oppleving. Ein bruker både synssansen og den taktile sansen når ein malar og når ein er i alderen til barna på Nøtteliten, er smakssansen også aktivt i bruk. 


Når ein malar kan ein bruke meir en berre pensel, her bruker vi ei rulle som kan lage mønster.  Det syntes Karoline også var kjekt. J



Vi hadde ei triveleg veke saman med Karoline, og vi ynskjer ho lukke til vidare. 



mandag 4. april 2016

Tur til stall Nedrevold

I dag gjekk Humlene på tur fram i Vatnebygda, til stall Nedrevold.
Ei jente på gruppa har ein ponny som heiter Polka, som ho gjerne ville vise oss.
Vi gjekk med godt mot fram i bygda og traff fleire flotte hestar og ein katt.


Vi fekk helse på hestane og fekk sjå kvar dei bur i stallen.



Alle ville gjerne klappe og kose med hestane og vi mata dei med gulrot.


Vi fekk sjå oss rundt i Vatnebygda, lære oss trafikkreglar sidan vi måtte både krysse vegen og gå langs hovedvegen. 
Etterpå gjekk vi tilbake til barnehagen for å ete mat.


onsdag 30. mars 2016

BLÅHARANE PÅ TUR TIL «EVENTYRSKOGEN»

I dag var det klart for første turen til Blåharane etter ein fin påskeferie.





På tur opp til eventyrskogen fann vi mange spanande  vårteikn på vegen, blant anna nøtter, snøklokker, larver og sniglar. Det var kjekt å sjå kva som dukka opp no når snøen hadde forsvunne frå bakken.


«Tøffe, tøffe toget»
Blåharane er så flink til å gå på ei lang rekke når det er for smalt til å gå ilag med ein turvenn.



For å kome til eventyrskogen måtte vi gå forbi lavvoen, og nokre kjempe bratte bakkar opp!! Det var slitsomt for mange, så det var godt med ei drikkepause når vi endelig hadde kome opp til toppen.



Oppe i eventyrskogen var det ei lita grotte kor vi kunne gå inn i. 
Nokre synst det var litt skummelt, og ville heller berre stå på utsida å sjå inn. Nokre barn trudde det var eit ekte bjørnehi!!



Mykje spennande å sjå og oppleve i eventyrskogen! Store steinar som vi kunne klatre på og hoppe ned frå, nokre steinar hadde også «feller» som vi kunne setje oss fast i.
Ei grein hadde velta frå eit grantre, og det var det kjempestore kongler på!! 
Vi fann også kongler som var blitt eten på.
Vi avslutta turen med mat og kakao som kunne varme oss litt, før turen gikk vidare heim til barnehagen. 

fredag 18. mars 2016

GULFEST

I dag har det vore GULFEST på barnehagen. Maurtua inviterte Bikuba på Disco først, så gjekk vi ut og hadde påskerebus, i håp om at "påskeharen" hadde vore der og lagt egg til oss.


Nokon viste ivrig fram dei kule triksa sine i ¨breakdance¨. 


Nokon svinga seg rundt.


Vi la oss ned på golvet for å sjå på det kule mønsteret i taket som vart av den nye discokula vår.


Nokon vart veldig fasinert over mønsteret som vart på oss når vi stilte oss heilt inntil kula.
Tusen takk til foreldre som kjøpte oss ny discokule!! J

ØØØØØØØØØØØØ

Litt frå påskerebusen: Vi hadde hengt opp ark som var forma som egg.  På ¨egga¨ var det repetisjon for både Maurtua og Bikuba om Skinnvotten, påska og påskesonger som dei måtte svare på eller synge.


Ei forventningsfull gruppe ventar på å få begynne på påskerebusen.


"Kven er dette?"


                                                                                                                     
Oi oi, det er ein post der oppe!!


Syng ein song om ein kylling.


"Kva heiter desse dyra her frå eventyret om Skinnvotten?"


Kvar kan haren ha lagt påskeegget? At med ei dør med ei bie på? Hmm.. BIKUBA! J


Vi fant påskeegget! Namm.. så mykje godt «haren» hadde lagt oppi.


Tilslutt hadde vi litt av eit festmåltid med ferske rundstykker og muffins .
For ein super dag ! J

GOD PÅSKE TIL SMÅ OG STORE 
FRÅ SMÅ OG STORE PÅ TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE!