NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

lørdag 12. februar 2022

VELKOMEN TIL TRYGGHEIM BARNEHAGE PÅ VATNE

       ·       Treng barnet ditt plass i barnehage frå hausten 2022? 

Då er dokke velkomne til å søkje barnehageplass på 

Tryggheim barnehage, Vatne

·       Vi har 5 avdelingar + felleskjøkken med Kjøkkenassistent som ordnar god mat til oss og tek oppvasken. Dette gjer at personalet på avdelingane har meir tid til barna.

·       Vi ligg mitt i sentrum av Vatnebygda, og har kort veg til fjøra, fjellet og Vatnevatnet.


Visjonen til barnehagen er:

SAMMEN OM Å SETTE VERDIFULLE SPOR

• I Tryggheim barnehage, Vatne skal alle få oppleve ubetinga kjærleik 
• I Tryggheim barnehage, Vatne skal alle vite at dei er skapt av Gud og kjenne at dei er unike og verdifulle 
• Med Jesus som førebilete skal vi møte alle med respekt og toleranse 


Vi brukar det flotte nærmiljøet vårt aktivt. Barna får oppleve meistring på dei ulike turane dei får vere med på.


På småbarnsavdelingane startar dei med å utforske uteområdet vårt.

Tysdag 15.februar kl.17.00 til 18.00 
har vi ope hus på Småbarnsavdelingane våre. 
Hjarteleg velkomen innom!

  • Kven har rett til barnehageplass?
    • Rett til barnehageplass gjeld i kommunen der barnet bur.  
    • Barn utan barnehageplass som fyller eitt år i perioden januar- august har rett til plass i august det året dei fyller eitt år.  
    • Barn utan barnehageplass som fyller eitt år i september, oktober eller november har rett til barnehageplass innan utgangen av den månaden dei fyller eitt år.  
    • Barn utan barnehageplass som fyller eitt år i desember har rett til barnehageplass førstkommande august etter at dei har fylt eitt år.  
    • Eldre barn utan barnehageplass har rett til plass i august.  
    • Du kan søke om barnehageplass utan at barnet bur i Ålesund, men barnet må ha bustadadresse i Ålesund ved oppstart.  

  • Nytt barnehageår byrjar 1.august. Om du ynskjer barnehageplass barnehageåret 2021-2022 må du søke innan 1. mars.   

  • Vi gir deg svar på søknaden i slutten av mars eller starten av april. Då får du ein frist for å takke ja til tilbodet. 



Ynskjer du å søkje barnehageplass?



Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt på 96948829 eller på e-post tryggheim.vatne@nlmbhg.no