No er det haust, og trea kastar frå seg blada, så dei svever ned på bakken. Det ligg blad overalt; Gule, grønne, brune og raude... Men kva er blad? Kan vi ta på dei? Plukke dei? Kaste dei? Bruke dei i kreative aktiviteter kanskje? Og kva skjer om vi tek ein smakebit av dei?! Vi har prøvd/skal prøve alt!
Dei vaksne seier at no er det haust! Og vi har skjønt såpass at det er fordi blada har skifta farge, og vi får ikkje springe ute i sokkelesten lenger, det er nemlig kaaaaldt! Vinterdressen har blitt god å ha, og hendene små treng vottar.
Tirsdag og onsdag denne veka her, har vi gått på tur. Teamet for året er jo at vi skal leike med språk, og finst det ein betre måte enn å kombinere språk og tur? Vi pratar i veg om det vi ser, stort som smått! Barna har ulike referanser og bidreg med enkelt ord og kroppsspråk når dei kjenner igjen ting!
I Fauskegården plukka vi blad som vi skal presse og tørke, eit nytt spennade prosjekt er på gang inne på Gul. Barna rusla rundt og plukka det dei fann, og der var maaaasse! Sprang litt fram og tilbake, god trening for grovmotorikken.
Onsdagen rusla vi oss ein tur i Gurineset. Der blei grovmotorikken satt på prøve, vi datt og vi røyste oss opp igjen, og snubla i neste augneblink. Men kor vi kosa oss, blada flaug himmelhøgt, barn og vaksne sprang og herja i vilden sky.
Sann glede lyste i auga på dei fleste, mens nokon var faktisk klar for å legge seg! 🙈 Så då rusla vi oss heim igjen til eit bedre måltid og klar for å hoppe i "loppekassa"!