Onsdag 30.5 var det turdag igjen. I dag
fekk vi endeleg låne tauet med løkker og vi skulle ut på vår første tur heilt
utan vogner. Små ivrige kroppar på veg ut for å utforske nærmiljøet vårt.
Vi la i veg med friskt mot. I
grøftekanten var det mykje å studere. Ekstra spanande med løvetann som hadde
blitt kvite slik at vi kunne blåse på dei så frøa flaug. Det var litt vanskeleg
å halde fokuset på tauet og gåinga, så vi var heldige som hadde Silje med oss
som kunne lede dei som var på avvege tilbake til tauet. Nokre greidde å gå
heile turen og halde i tauet, medan andre måtte låne ei hand innimellom. Dette
var ei ny oppleving for oss og det gjekk kjempebra, så vi satsar på at vi får
fleire turar med tau i tida som kjem.
På turen vår såg vi mange ulike blomar,
og vi høyrde mykje fuglesong. Vi møtte og ein hund som heiter Lydia og
kattevenen henna. Det var spanande å sjå at dei to var ute på tur i lag med
matmora si.
- Rammeplanen
seier at gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike
landskap, blir kjende med institusjonar og stadar i nærmiljøet og lærer å
orientere seg og ferdast trygt. - 😊