På torsdag hengte vi opp ei flaske for å tappe bjørkesaft.
På fredag var alle Revane veldig spent på om det hadde kome noko i flaska i løpet av gårsdagen og natta! Alle ville smake!!
Vi var veldig spente på korleis dette smakte! Nokon synst
det var godt, andre synst det smaka som vatten og nokre synst det smaka som
blåbær, og andre meinte vi kunne brukt det til å bake noko.
.......................................
"Tidleg på våren stig sevja i trea, og vi kan tappe litt utan at dei tek skade
av det. På dette tidspunktet er det mykje sevje i treet, fordi alle blada trenger væske for å kunne springe ut. Sevje kan tappast av bjørka omtrent
på den tida då bjørka har fått blad så store som museøyrer.
Den beste tida å tappe sevje frå bjørketrea er frå mars til mai, helst
siste del av april.
Etter eit par dagar vil det sannsynligvis
vere nok bjørkesevje
i flaska til at dokke kan smake på
den. Bjørkesaften er blank og
smakar nesten som vatn, men ein kan kjenne ein lett søtsmak.
Nokon vil kanskje synest at smaken
er litt bitter eller sterk, og eit tips er
å blande den ut med vann.
Sevja kan brukast som søtningsmiddel
i matlaging. Den kan også
brukast til brødbaking ved at ein
erstattar væskemengda med
sevje. Sevje gir god heving, og
brøda får ein saftig konsistens.
Ved å koke sevja sakte inn kan vi
lage deileg søt bjørkesirup, som
skal vere god mot forkjølelse."