NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 26. mars 2015

STUDENTAR OG TEMAARBEID PÅ HARESTUA 2

Så var det Gro Anita som skulle ta fatt på sitt arbeid med barnegruppa som heitte

PÅ SKATTEJAKT I NATUREN

Her var målet å gje borna nye impulsar ved å ta inn naturmateriale i leiken og ha fokus på grunnleggande bevegelsar og samarbeid i aktivitetane borna skal få jobbe med desse dagane..
For å legge ei ramme rundt opplegget og fengje borna hadde eg valt eit sjørøvartema. Først skulle borna på skattejakt i naturen, etter natur-skattar borna ville ta med tilbake til uteområdet.

 I samlinga fekk borna vite kva vi skulle gjere – kva er ein skatt i naturen eigentleg?
Eg hadde med ei kiste med stein. Dette var eit døme på fine skattar vi kunne samle på.
 Borna samla inn det som var skattar for dei. Pinnar, kjeppar, stein, mose og blomar..

 Ein leik i skogen «Finn det som manglar»
Sjå kva som manglar av naturmateriale på
teppet for så å finne dette sjølv i nærleiken..
 Ei tralle full med skattar vart med tilbake til Harestua J













Siste dag i prosjektet var det tid for tur til Gurinesbukta der borna skulle på skattejakt. På morgonmøte fekk vi eit skattekart som viste veg til ein hemmeleg skatt som låg gøymd der.. For å finne skatten måtte borna samarbeide i grupper der dei skulle løyse ulike motoriske oppgåver.

 

Spennande med
eit «ekte» skattekart
i samlinga.. 

Det var lagt ut gull og sølvmåla steinar som spor etter kvar vi skulle gå i jakta på skatten...











 Her var ei oppgåve der dei skulle prøve å hoppe frå ring til ring før vi kunne gå vidare. Det var viktig at borna venta på kvarandre før vi kunne gå vidare..
 




Så skulle vi krype langs bakken frå ei oppgåve til den neste..
 
 Her skulle alle få klatre opp på ein stor stein, halde balansen og rope ut eit skikkeleg «HIV O`HOI» !!!
 Puslespel oppgåve møtte borna på og..
 Siste hinder før skatten var ei felle «skurken» hadde lagt ut, Tornekrattet. Der skulle vi prøve å komme oss gjennom utan å røre tauet. Her var det godt med eit støttande hand for å komme gjennom.
 .. Og gjennom godt arbeid og ikkje minst samarbeid fann alle skatten! J




Ein flott gjeng å vere på tur saman med! 
           
Vi takkar for at vi har fått lov til å «låne» borna dykkar i denne tida! Vi har kosa oss saman og blitt glad i både store og små i denne praksisperioden!



 

Tusen takk for oss! J

Helsing Maren Beate & Gro Anita