NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 25. mars 2015

STUDENTAR OG TEMAARBEID PÅ HARESTUA 1

Vi studentane har i desse vekene hatt kjekke leiardagar og temaarbeid på Harestua. Temaarbeidet skulle ta utgangspunkt i naturen som ressurs og først ut var Maren Beate med temaet: 

FUGLANE

Under dette temaarbeidet ynskte eg at vi skulle jobbe med økt fokus på borna sin utforskartrong. Borna skulle få lære nye omgrep, få nye erfaringar og økt kunnskap rundt naturen og fuglane i nærmiljøet sitt. Under samlingane kvar dag snakka vi om kjenneteikna til skjora, kjøttmeisa, dompapen og blåmeisa. Vi prata kor dei bur og kva dei et! Og vi las bok om kvifor blåmeisa er blå på hovudet.



Ivrige born på Harestua var fugleforskarar desse dagane og laga eigen kikert av dorullar. Då fikk vi full fokus og borna såg mykje betre no må vete! J

 

På tur til lavvoen såg vi både «meisetog», der kjøttmeisene og blåmeisene flaug i tog for å finne mat saman. Vi såg eit skjore-ektepar, som bygde reir med store greiner og vi høyrte mange trekkfuglar som kvitra høgt og song at no var det vår!

 

                                                   



 Borna fekk også vere med å lage sin eigen fuglemat desse dagane, som både kjøttmeisa, dompapen og blåmeisa var så glade i. Borna syns det var godt å kjenne fuglefrøa mellom fingrane, men feittet syns vi alle lukta litt rart. 








Oppe i skogen hadde vi natursti med rebus, kor alle borna skulle svare på spørsmål om dei ulike fuglane, som vi hadde snakka om på samling dagane før. Premien var herlege, grove vaflar, som vi steikte på bålpanna vår! Nam! J Og så hadde vi det utrulig spanande i skogen kor vi leita etter fuglane, hoppa trampoline på bjørnemosen og hadde flott leik saman heile dagen! Eg kosa meg med strålende, entusiastiske born og engasjerte vaksne under heile dette temaarbeidet! J