NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 25. mars 2015

PÅSKEVANDRING I KYRKJA 23. MARS 2015

Mål: Bli kjent med Påska som kristen høgtid.

På mandag var Revane og Harane på påskevandring i kyrkja.
I kyrkja fekk vi undre oss, samtale, høyre Astrid fortelje, lytte til fin musikk og synge om Påskehøgtida.

Vi starta vandringa med Palmesøndag og dramatiserte at vi var folkemassen som ropte: «Hosianna»  då Jesus kom ridande inn i Jerusalem.
Etterpå høyrde vi om Jesus som vaska føtene til vennane sine. Den som ville fekk vere med på fotvask.

Så var det tid for påskemåltid, der Astrid fortalde og delte ut brød og saft.  
Til slutt studerte vi den flotte altertavla og song «På Golgata stod det eit kors».   
Vi avslutta med  «Dine hender er fulle av blomster» samstundes som alle barna fekk leggje ein blomst på «grava» til Jesus.


Vi hadde ei koseleg stund i kyrkja!