NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 10. mars 2015

BARNEHAGEDAGEN 2015: "VI VIL UT"!


Barnehagedagen vert markert 10. mars. 

Slagordet i år er «Vi vil ut!»



Då vert barnehagen sitt arbeid med friluftsliv sett på dagsorden. Bakteppet er Friluftslivets år 2015. Formålet med barnehagedagen er å synleggjere noko av det barna får oppleve, erfare og lære i barnehagen. Arbeid med natur og friluftsliv er knytta til to ulike fagområder i Rammeplanen for barnehagen: "Kropp, rørsle og helse" og "Natur, miljø og teknikk".







Vi på Tryggheim barnehage, Vatne legg vekt på dette heile året. At barna skal verte kjend med naturen i barnehagen sitt nærområde. Få positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring. At ein har turvenner og får gode opplevingar i lag.



Gjennom arbeid med kropp, rørsle og helse ynskjer vi å bidra til at barna får:                                   
·       Gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider
·       Utviklar glede ved å bruke naturen til utforsking og kroppslege    utfordringar. Og at dei får ein forståelse av korleis ein brukar og samstundes tek vare på miljøet og naturen.

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknikk ynskjer vi å bidra til at barna får:
·       Oppleve naturen og undre seg over naturen sitt mangfald.
·       Oppleve gleda ved å ferdast i naturen og få grunnleggande innsikt i natur, miljøvern og samspelet i naturen. Studere dyr, planter og innsekter.
·       Lære å iaktta, undre seg, eksprimentere, systematisere, beskrive og samtale om fenomener i den fysiske verda.