NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 26. mars 2015

EI ESTETISK OPPLEVING

Eit av arbeidskrava til oss studentane var å gje borna ei estetisk oppleving. På skulen har vi hatt ein del om skuggeteater og vi ville ta dette i bruk under dette arbeidskravet. 

På morgonmøte fikk borna ein invitasjon, der det stod at dei var inviterte til Karius og Baktus-framsyning, same dag. 








Då tida var inne fekk borna komme inn    

etter tur og sette seg i "salen"!    
Rommet var mørk og eit lerret med lys       var det som møtte borna 
når dei kom inn. Spente born satt som nokre lys, klar for førestilling.


Så vart borna ynskja velkomen, kor dei vart fortald om guten Jens som ikkje var så flink å pusse tennene sine. Og om Karius og Baktus som budde i kvar si tann i munnen til Jens!





Så var førestillinga i gong…

 

Karius og Baktus hamrar og bankar i tennene til Jens. Han prøver å pusse tennene sine, men Karius og Baktus bor der fortsatt.



Og mamma til Jens fortel at han må gå til tannlegen. Der vert Karius og Baktus møtt med eit kjempe stort lys og ein mann i kvit frakk. Det var tannlegen! Og så kom det nifse borret!!
Det var kanskje synd i Karius og Baktus, men det var ein som var glad, og det var Jens! J








Etter skuggeteateret fekk alle borna lov til å prøve å lage skuggar sjølve, og leike seg både framfor og bakom lerretet. Det var spanande å sjå sine egne hender og føter som laga skugge på lerretet. 


Etter kvart la borna på ulike leiker på overheaden for å sjå kva form skuggen fekk. Borna var engasjerte og hald på i over ein og ein halv time i etterkant av teateret. Så dette vart ein vellykka estetisk oppleving for borna på Harestua. J




Under teaterframsyninga brukte vi ulike element for å skape lydefektar. Borna fekk komme bak å sjå og prøve desse og pappdokkene i etterkant av framsyninga. 









Vi studentane koste oss med opplegget og håper det gav inspirasjon 
og nye impulsar til leiken!


Helsing  "Karius og Baktus"

             Gro Anita og Maren Beate