Eit av arbeidskrava til oss studentane var å gje
borna ei estetisk oppleving. På skulen har vi hatt ein del om skuggeteater og
vi ville ta dette i bruk under dette arbeidskravet.
På morgonmøte fikk borna ein invitasjon, der det stod at dei var inviterte til Karius og Baktus-framsyning, same dag.
Då tida var inne fekk borna komme inn
etter tur og sette seg i "salen"!
Rommet var mørk og eit lerret med lys var det som møtte
borna
når dei kom inn. Spente born satt som nokre lys, klar for førestilling.
Så vart borna ynskja velkomen, kor dei vart
fortald om guten Jens som ikkje var så flink å pusse tennene sine. Og om Karius
og Baktus som budde i kvar si tann i munnen til Jens!
Så var førestillinga i gong…
Karius og Baktus hamrar og bankar i tennene til
Jens. Han prøver å pusse tennene sine, men Karius og Baktus bor der fortsatt.
Og mamma til Jens fortel at han må gå til
tannlegen. Der vert Karius og Baktus møtt med eit kjempe stort lys og ein mann
i kvit frakk. Det var tannlegen! Og så kom det nifse borret!!
Det var kanskje synd i Karius og Baktus, men det
var ein som var glad, og det var Jens! J
Etter skuggeteateret fekk alle borna lov til å
prøve å lage skuggar sjølve, og leike seg både framfor og bakom lerretet. Det
var spanande å sjå sine egne hender og føter som laga skugge på lerretet.
Etter
kvart la borna på ulike leiker på overheaden for å sjå kva form skuggen fekk.
Borna var engasjerte og hald på i over ein og ein halv time i etterkant av
teateret. Så dette vart ein vellykka estetisk oppleving for borna på Harestua. J
Under teaterframsyninga brukte vi ulike element
for å skape lydefektar. Borna fekk komme bak å sjå og prøve desse og
pappdokkene i etterkant av framsyninga.
Vi
studentane koste oss med opplegget og håper det gav inspirasjon
og nye impulsar
til leiken!
Helsing "Karius og Baktus"
Gro Anita og Maren Beate