NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 15. mars 2021

Små steg for kloden «Pante – Robot» ❤️

 

Opp i mot barnehagedagen 9 mars har Raud avdeling i dei siste dagane hatt fokus på miljøet. Tema for barnehagedagen var «Små steg for kloden» - korleis ein jobba med tema var opp til barnehagane og dei ulike avdelingar.

Då borna på Raud har vist ei stor interesse for robotar ville vi ta tak i dette, og vi bestemte oss for å lage ein «Pante – Robot»!

Barnehagen skal være bevisst på barnas ulike uttrykksformer og legge til rette for medverking på måtar som er tilpassa barnas alder, erfaringar, individuelle forutsetningar og behov. Barnehagen må observere og følge opp alle barns ulike uttrykk og behov (Rammeplan for barnehagen, 2017).


Roboten laga vi av gjenbruksmateriale som tomme kasser, brustopper, plast som mat vi har ete har lagt inni. Saman med borna måla vi esker som vi festa saman, øvste eska fekk skarpe tenner – og vips så vart det ein krokodille pante robot! Kjekt å skape produktet saman og sjå kor borna bruker fantasien sin undervegs.



Roboten vår er veldig glad i tomme flasker. Vi snakka om at flasker og anna plast og søppel ikkje må kastast i naturen. Borna på Raud er veldig oppteken av dyr, og tenk om ein hund, hestar på beite eller sau på markene fer plast i magen sin – då kan dei få veldig låkt i magen! 


Nei, søppel skal i bossen – og tomme flasker kan ein pante!

Vi avslutta veka med å teste ut roboten vår. Det stod på roboten at vi kunne pante og vinne. Vi var spent og lurte veldig på kva vi kunne vinne!

Kvar sin gong fekk borna mate roboten med tomme flasker. Fleire hadde med seg flasker heimanfrå. Roboten takka fint, og ut kom det ein liten premie som takk – ein liten sjokolademynt!


Etter leik med roboten gjekk vi gruppevis på butikken , og fekk pante flasker på ordentleg. Deretter fekk alle ei medalje til å henge rundt halsen. På den stod det «Takk for at DU gjer ein innsats for kloden vår!»

Vi på Raud har desse dagane gjort ein liten innsats for miljøet – teke nokre små steg for kloden vår. Og, vi håpar at vi har sådd ei lita spire til å tenkje og ta vare på jorda vår framover ..

Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er en forutsetning for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor en viktig oppgave i å fremme verdier, holdninger og praksis for mer bærekraftige samfunn. Bærekraftig utvikling handler om at mennesker som lever i dag, får dekket sine grunnleggende behov uten å ødelegge fremtidige generasjoners mulighet til å dekke sine. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at dagens handlinger har konsekvenser for fremtiden (Rammeplan for barnehagen, 2017).