NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 9. mars 2021

Barnehagedagen 2021: Små steg for kloden 💚

Gruppe 1:

I samlinga viser barna at dei vil gjerne passe på jorda rundt seg. Sjølv om verda er superstor trengs det berrre små mennesker som gjer små gode ting for at naturen har det bra. 


Vi snakka i små grupper om dei ulike søppelsystema og korleis ein sorterar søppel. 

Barna er heilt samde når vi såg på bilda som viste korleis ein oppfører seg i naturen, f.eks at ein let maurtua og fuglreir vere i fred. 

Under lunsjen las vi ei bok om korleis dyra blir skada når de tek søppel for å vere mat.

I kreativkroken gjenbrukte vi tapetbøker til å lage pyntelenker. Den planlagte søppelplukketuren tek vi igjen når snøen har smelta. Vi har allereie lagt merke til at ikkje alle små og store menneske er like flinke å finne ein søppeldunk til det dei ikkje treng meir ... 

Gruppe 2:

I dag starta vi turen med å sjå på dei ulike bossdunkane i barnehagen. Vi såg på kva sort boss som skulle i dei ulike dunkar og snakka om kvifor vi resirkulere. Etterpå gjekk vi ned til Joker og såg på kva som skjedde med flasker og bokser i pantemaskina. På veg opp igjen til barnehagen møtte vi bossbilen, spanande å sjå når dunkane blei tømt. Etter lunsj leika vi ute og då kom bossbilen og tømte dunkane til barnehagen. Det var stor stas for barna.