NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 23. mars 2021

Hiv og hoi, snart er skatten vår ❤️

Ein dag vi hadde felles samling stod plutselig sjølvaste Kaptein Sabeltann utanfor vinduet vårt og kika seg rundt, han hadde eit kart i handa. Han gjekk forbi oss, han fann vegen inn til avdelinga vår og banka hardt på.

Han sa at han har leita og leita etter skatten sin, men finn den ikkje. Han spurte barna om dei ville hjelpe han med å finne den skatten og det ville barna.

Dei fekk sjå på kartet og begynte å lage ein plan for korleis oss skal finne skatten. På kartet stod det eit ❤️- rom, kva det betyr spurte han barna? Og her var barna kjappe og visste kvar vi skulle.


Vi skulle inn på Hjarterommet og når vi kom inn dit, begynte vi å leite overalt. Her var barna flinke for dei samarbeidde for å finne skatten og det gjorde dei.


Skatten inneholdt gullpengar, smykker, ei kaptein Sabeltann fargeblokk, klistermerkebok og ein film om kaptein Sabeltann. Barna likte skatten, som takk fekk dei kvar sin gullpeng.

Til mat hadde kokken "Skalken" laga ei god suppe til oss. Men han hadde lagt ein edderkopp, ei rotte og ein frosk i enkelte skåler til barna.

For ein tullete kokk. Barna synes at suppa var god og åt opp alt vi fekk med han. Kaptein Sabeltann takka for at dei ville hjelpe han før han måtte reise vidare på turen sin.

Ein fin dag for både små og store 😊