Fredag 5.mars hadde vi fargefest på Blå.
På førehand hadde vi laga fargerik pynt til avdelinga.
Vi kledde oss i fine
fargar og fekk matchande kroner som borna fekk pynte sjølv. 😊
Om formiddagen hadde vi ulike fargeaktivitetar med mellom anna maling. 😊
Før lunsj hadde vi
fargesamling der vi song fargesongar, mellom anna «Se min kjole». Borna var
veldig flinke til å peike på dei ulike fargane vi snakka om. 😊
Vi hadde litt fargerik fingermat i tillegg til pizza til lunsj.
På ettermiddagen gjekk vi ut i snøen, det var som eit
blankt lerret vi berre måtte male litt på 😊
Vi på BLÅ ynskjer deg
ein fargerik dag vidare.