Opp i mot barnehagedagen 9 mars har
Raud avdeling i dei siste dagane hatt fokus på miljøet. Tema for barnehagedagen
var «Små steg for kloden» - korleis ein jobba med tema var opp til barnehagane
og dei ulike avdelingar.
Då borna på Raud har vist ei stor
interesse for robotar ville vi ta tak i dette, og vi bestemte oss for å lage
ein «Pante – Robot»!
Barnehagen skal være bevisst på barnas ulike uttrykksformer og
legge til rette for medverking på måtar som er tilpassa barnas alder,
erfaringar, individuelle forutsetningar og behov. Barnehagen må observere og
følge opp alle barns ulike uttrykk og behov (Rammeplan for barnehagen, 2017).
Roboten laga vi av gjenbruksmateriale
som tomme kasser, brustopper, plast som mat vi har ete har lagt inni. Saman med
borna måla vi esker som vi festa saman, øvste eska fekk skarpe tenner – og vips
så vart det ein krokodille pante robot! Kjekt å skape produktet saman og sjå kor
borna bruker fantasien sin undervegs.
Roboten vår er veldig
glad i tomme flasker. Vi snakka om at
flasker og anna plast og søppel ikkje må kastast i naturen. Borna på Raud er
veldig oppteken av dyr, og tenk om ein hund, hestar på beite eller sau på
markene fer plast i magen sin – då kan dei få veldig låkt i magen!
Nei, søppel skal i bossen – og tomme
flasker kan ein pante!
Vi avslutta veka med å teste ut
roboten vår. Det stod på roboten at vi kunne pante og vinne. Vi var spent og
lurte veldig på kva vi kunne vinne!
Kvar sin gong fekk borna mate roboten
med tomme flasker. Fleire hadde med seg flasker heimanfrå. Roboten takka fint,
og ut kom det ein liten premie som takk – ein liten sjokolademynt!
Etter leik med roboten gjekk vi
gruppevis på butikken , og fekk pante flasker på ordentleg. Deretter fekk alle
ei medalje til å henge rundt halsen. På den stod det «Takk for at DU gjer ein
innsats for kloden vår!»
Vi på Raud har desse dagane gjort ein
liten innsats for miljøet – teke nokre små steg for kloden vår. Og, vi håpar at
vi har sådd ei lita spire til å tenkje og ta vare på jorda vår framover ..
Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig
utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er en forutsetning for
å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor en viktig oppgave i å fremme verdier, holdninger
og praksis for mer bærekraftige samfunn. Bærekraftig utvikling handler om at
mennesker som lever i dag, får dekket sine grunnleggende behov uten å ødelegge
fremtidige generasjoners mulighet til å dekke sine. Barnehagen skal bidra til
at barna kan forstå at dagens handlinger har konsekvenser for fremtiden
(Rammeplan for barnehagen, 2017).