På Grøn avdeling vi har «Bokbad» som tema denne
perioda og vi har spesielt fokus på forteljinga om «Geitekillingen som kunne
telje til ti». Men vi vil også at barna skal lære korleis vi behandlar bøker.
Når vi på gruppe 1 skulle ha samling på onsdag, stilte vi oss opp på ei lang rekke. Den som stod fremst og var nummer ein var geitekillingen,
nummer to var kalven, nummer tre var kua og nummer fire var oksen, nummer fem
var hesten, nummer seks var grisen, nummer sju var katten, nummer åtte var hunden, nummer ni var sauen og nummer ti var hanen.
På døra stod talet 1
og når vi las bak stod det at vi skulle gå til barnehagen sitt bibliotek.
Vi gjekk
i ei lang rekke til biblioteket.
På
døra til biblioteket stod det ein ny lapp, den måtte vi lese. Der stod det at alle
skulle finne seg ei fin bok frå kassa å
lese i.
Vi vart
delt i to. Nokre skulle setje seg på madrassa, dei såg i kassa for å finne seg ei
bok.
Alle fann
seg ei bok. Men – alle bøkene var øydelagd. Enten så mangla dei sider eller
sidene var lause eller dei var revne. Nokre
var delt i to eller den hadde berre permen. Desse bøkene var ikkje noko kjekke
å lese, dei ville vi ikkje ha!
Den andre
gruppa skulle setje seg ved bordet og pusle. Jippi!! Vi er kjempeglade i å
pusle. Men – der var ingen bilde på brikkene!
Vi var
ganske forskrekka alle saman! Vi snakka om korleis ein skal behandle bøker og
puslespel. At det er laga av papir og at ein må bla forsiktig og passe på dei.
At bøkene høyrer til i bokhylla, når vi ikkje les i dei. Og at vi ikkje treng å ta mange bøker, men ta ei bok, lese den og så setje den i hylla igjen før vi
tek neste bok.
Når vi
kom innatt på avdelinga delte vi oss i to. Då laga den eine gruppa seg bøker. Vi snakka om papir og kor lett det er å rive og at vi må vere forsiktig
med dei. Og kor kjedeleg det er å lese øydelagte bøker og spele øydelagde spel.
Den andre gruppa høyrde historia om Geitekillingen,
fortalt i mørket. Det var berre stjerner og måne som lyste i taket (marihønelampe), medan
vi låg på madrassene og lytta.
Etterpå
fekk alle «Bokvenn-medalje». Det vil sei at vi skal passe på bøkene, slik dei
ikkje blir øydelagt og setje dei i på plass når vi er ferdig med dei.
Gjett om det var stolte
«Bokvenner»!!