NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 7. februar 2020

Markering av samane sin nasjonaldag på Blå avdeling


Samane sin nasjonaldag er 6. februar. Nasjonaldagen vart vedteken av Samekonferansen i 1992 og er felles for alle samar i Norge, Finland, Sverige og Russland. Rammeplanen seier at barnehagen skal synleggjere samisk kultur og bidra til at barna kan utvikle respekt og fellesskapskjensle for det samiske mangfaldet. 

Vi på Blå avdeling har hatt fokus på samar og deira tradisjonar no i veke 6. Den kjekke studenten vår, Lillian, har hatt samlingar med begge gruppene. Desse samlingane vart avslutta ved at barna fekk lage bilete av seg sjølve i samisk nasjonaldrakt, desse bileta heng i garderoba vår. 

I tillegg har vi leika med ein «Lavvo» inne, høyrd på samisk joik og Torsdag fekk dei sjå ein lavvo i meir identisk storleik ute i barnehagen. Dei fekk og smake samisk brød denne dagen. Her er nokre bilete av det vi har halde på med denne veka.


Handa vart måla i fargane til det samiske flagget.