Fredag 7.februar gjekk Grå avdeling opp til lavvoen vår. Det var ei stund sidan vi hadde vore der, så vi måtte sjekke at alt stod bra til. I tillegg skulle vi få besøk av dukka Henry som skulle ha ei førstehjelpsøkt der også.
På veg opp såg vi eit ekorn. Det sprang veldig fort
over vegen, før det klatra opp i eit tre. Ekornet var der ei stund og klatra opp
og ned. Vi måtte sjå etter det når vi kom fram. Kanskje ekornet hadde vore ved
lavvoen? Vi fann nøtter på bakken,
så vi konkluderte med at det hadde vore der.
Det var endeleg opphaldsver denne dagen, og vi kunne
til og med skimte sola som kom sigande når vi kom fram til lavvoen.
Lavvoen
stod det heldigvis bra til med, og vi fekk lufta godt ut etter mykje ruskevêr.
Vi fekk sjå at det vaks ulike sopper på trea i skogen.
Vi leika oss lenge oppe i skogen med den store steinen, og på klatretreet
vårt.
Vi «fiska» i gjørma, leika tivoli med balansering og at «elva» var
lava.
Vi fann plantar som vi undra oss over.
Og til slutt kom Henry på besøk. Han hadde fått flis i fingeren sin! Men han hadde med seg ein pinsett, skyljevatn og plaster. Vi sendte rundt plaster slik at alle fekk sjå at Henry har plaster med bilete av seg sjølv på. Alle fekk gi han kos for å trøyste han. Neste gang sa han at han skulle vise oss korleis det gjekk når han velta med sykkel. Han er ein liten ulykkesfugl han Henry. Bra at vi lærer oss førstehjelp og kan hjelpe kvarandre om uhellet skulle vere ute!
Rammeplanen 2017:
Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med
mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle
til naturen.
Barnehagen skal vere ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap.
Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna.
Barnehagen skal vere ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap.
Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna.