Torsdag 06.02 på Samane sin nasjonaldag, hadde Henriette ei fin samling i teltet som vi kalla Lavvo denne dagen. Marianne hadde tatt med seg teltet sitt som ho slo opp på avdelinga vår.
Så kjekt å få vere inne i "Lavvoen" inne! Henriette hadde koselig lys inne i "lavvoen" og mange spennende ting i kassa si som ho hadde med. Til og med eit reinsdyrskinn fekk vi ta og kjenne på. Litt musikk hadde vi også, blant anna "Bæ bæ lille lam" på Samisk.
Etterpå laga barna flagget til Samane, med litt lim og papirbitar i grønt, blå, raud og gul som dei limte på, vart det flotte flagg som blei hengt opp på avdelinga.
Marit på kjøkkenet baka nokre gode "brød" til oss, Gáhkko, som alle fekk smake.
Her ser dokke nokre bilder frå da vi markerte Samane sin dag.
"I Rammeplan for barnehagen står det under fagområdet "nærmiljø og samfunn", at barna skal bli kjent med at samane er Norge si urbefolkning."