NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 24. februar 2020

Den stOre snøballen – ei praksisforteljing frå Blå avdeling


Måndagsmorgon og snøen hadde lagt seg som eit kvitt teppe på uteområde. Vi skulle dele oss i to grupper, og eine gjengen skulle ut og leike med den nye etterlengta snøen som hadde kome.
På Blå avdeling står empati og korleis vere med kvarandre på planen, og vi skal nytte utetida som eit verktøy for å jobbe med dette.
Korleis kunne vi flette dette inn i vinterleiken vår?

Då vi kom ut knadde den vaksne ein snøball i hendene sine, og byrja rulla den bortover snøen. Den vaks og vart større, og fleire born ville hjelpe til. Så bra!


Det gjekk lettare når vi jobba saman, men utfordringar var det. Vi måtte trille same vegen, og vi måtte lage plass til alle som ville vere med. Vi skulle ikkje skubbe kvarandre, men saman skubbe på snøballen og sjå kor stor vi fekk den.


Ein av gutane var ivrig å hjelpe til, og han ville vi skulle trille snøballen, som no var ganske stor, opp over ein liten kant. Den vaksne og guten skubba på ballen, men den rikka seg ikkje. Dei måtte ha fleire hender å hjelpe til!

- Kan du spørje om nokon vil hjelpe oss? Spurte den vaksne guten. Ja, det ville han!
Ein anna gut kom til og hjelpte, men den rikka seg ikkje! Dei trong meir styrkje, og spurte eit born til. Jenta ville heldigvis hjelpe til! Dei samarbeidde og då gjekk det, alle borna på gruppa trilla snøballen saman, gjennom snøen – og den vart endå større!


 Store smil og nøgde fjes, som jobba saman og kjende på meistring.


Tenk, snøballen vart nesten like stor som borna sjølve! 


Så vart den måla i fine fargar, dette vart og gjort i samarbeid.


Tenk alt vi klarar når vi jobbar med kvarandre – og ikkje imot.


 Barnehagen skal vere ein trygg stad å vere, der borna får prøve ut ulike sider av samspel, fellesskap og vennskap. Borna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler. Vidare skal barnehagen vere ein arena for fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna .

(Rammeplan for barnehagen, 2017).