Måndagsmorgon
og snøen hadde lagt seg som eit kvitt teppe på uteområde. Vi skulle dele oss i
to grupper, og eine gjengen skulle ut og leike med den nye etterlengta snøen som
hadde kome.
På Blå
avdeling står empati og korleis vere med kvarandre på planen, og vi skal nytte
utetida som eit verktøy for å jobbe med dette.
Korleis kunne
vi flette dette inn i vinterleiken vår?
Då vi kom ut
knadde den vaksne ein snøball i hendene sine, og byrja rulla den bortover
snøen. Den vaks og vart større, og fleire born ville hjelpe til. Så bra!
Det gjekk
lettare når vi jobba saman, men utfordringar var det. Vi måtte trille same
vegen, og vi måtte lage plass til alle som ville vere med. Vi skulle ikkje
skubbe kvarandre, men saman skubbe på snøballen og sjå kor stor vi fekk den.
Ein
av gutane var ivrig å hjelpe til, og han ville vi skulle trille snøballen, som
no var ganske stor, opp over ein liten kant. Den vaksne og guten skubba på
ballen, men den rikka seg ikkje. Dei måtte ha fleire hender å hjelpe til!
- Kan du
spørje om nokon vil hjelpe oss? Spurte den vaksne guten. Ja, det ville han!
Ein
anna gut kom til og hjelpte, men den rikka seg ikkje! Dei trong meir styrkje,
og spurte eit born til. Jenta ville heldigvis hjelpe til! Dei samarbeidde og då
gjekk det, alle borna på gruppa trilla snøballen saman, gjennom snøen – og den vart
endå større!
Store smil og
nøgde fjes, som jobba saman og kjende på meistring.
Tenk, snøballen vart
nesten like stor som borna sjølve!
Så vart den
måla i fine fargar, dette vart og gjort i samarbeid.
Tenk alt vi klarar når vi jobbar med kvarandre – og ikkje imot.
Barnehagen
skal vere ein trygg stad å vere, der borna får prøve ut ulike sider av samspel,
fellesskap og vennskap. Borna skal få støtte til å meistre motgang, handtere
utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler. Vidare skal
barnehagen vere ein arena for fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og
den motoriske utviklinga til barna .
(Rammeplan for barnehagen, 2017).