Tryggheim Barnehage Vatne flytta inn i nye lokale våren 2018.
Vi ynskjer at barna, foreldra og dei tilsette som kjem til barnehagen skal bli møtt med omsorg.
Visjonen vår er: «Vi ser og blir sett.»
Visjonen vår er: «Vi ser og blir sett.»
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har
- Erfaring frå barnehage er ynskjeleg
- Du må være ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevne
- Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
- Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
- Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver:
- Ringevikar vil få medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, for eksempel: samlingsstund, aktivitetar, frileik, rutinesituasjonar
- I tillegg vil vikar ha ansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene blir gjennomført i samarbeid med resten av personalet i barnehagen
- Ha medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med føresette
Vi kan tilby:
- Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
- Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikeleg moglegheiter for turar utom barnehagearealet
- 5 ordinære avdelingar
- Eigen kjøkkenassistent
- Lønn etter PBL tariff
- IA bedrift
Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM- barnehagene AS
Søknadsfrist snarast råd og innan 11.02.19.
For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar tlf.: 96948829
Send søknad og CV til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no