I heile veke 6 har vi på Raud avdeling hatt markering om
samefolkets dag som var 06.februar.
Torsdag 07.februar tok vi med gruppe 2 på Raud avdeling
ut i
snøen for å male det samiske flagget med sprayflasker.
Vi hadde tatt med fargane raud, blå, grøn og gul som det
samiske flagget består av, og tatt det i sprayflasker, slik barna kunne sprute
maling på snøen.
Nokre av barna synst det var litt vanskeleg å bruke
sprayflaskene,
men med god hjelp frå dei vaksne så gjekk det så fint!
Til slutt blei det eit nydeleg bilete av det samiske flagget
som barna sjølv hadde måla på snøen!!
I rammeplan for barnehagen står det at barna skal bli kjende
med at samane er Norge sitt urfolk, og at barna skal få kjennskap til samisk
kultur. (s. 56)