NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 22. februar 2019

Barna på Grøn avdeling lagar sitron- og ingefærrotjuice



Det er kjempeviktig å drikke masse når det er så varmt som det er i Vest-Afrika. Av og til er det godt med noko anna enn vatn. I dag har vi på Grøn avdeling laga ein  kjempegod ingefær- og sitronjuice. Denne er ganske sterk, men også veldig god!
Her har du oppskrifta:
Du treng 150 g ingefær i biter med skal på, 3,5 dl vann, eller så mykje som må til for å dekke ingefæren, saft av 4 halvstore sitronar,  2,3 dl sukker og 1,7 liter vatn.
Skjer ingefærroten opp i mindre bita. Legg bitane i foodprosessor i lag med 3,5 dl vatn, slik at det dekker ingefæren. Køyr foodprosessoren til det ikkje lenger er klumpar av rot igjen. Bruk sil, eller noko som liknar, og skil ut vatnet frå ingefæren i ein stor bolle, heilt til det ikkje lenger renn vatn av «grauten».
Bland ingefærjuice, sitronjuice og sukker saman, heilt til sukkeret ikkje lenger synast. Bland deretter oppi 1,7 liter vann, eller meir, alt etter kor sterk/svak juice du vil ha.
Serverast kald!
Vi på Grøn har lenge planlagt å lage slik juice som dei brukar i Vest-Afrika. Heile denne veka har vi snakka, sett, kjent, lukta og smakt på ingefærrot og sitron.  Alle var klar til å gå i gong!

 Først starta vi med å sjå på alt vi skulle bruke og 
repeterte litt kva dei ulike tinga heiter.




 Vi skar opp ingefærrot i små bitar.





All ingefærrota hadde vi opp i blendaren og hadde vatnet oppi.


 Vi pressa ut sitronsafta:

Etter at vi hadde sila ingefærrota og sitronsafta, målte vi opp sukker og vatn. 
Vi blanda alt opp i ein bolle og rørte godt rundt. 


Vi samarbeidde, venta på tur og hadde ei kjekk stund medan vi alle hjelpte til 
å lage slik juice som dei brukar i Vest-Afrika.
Så var vi klar til å smake.  Tenk å lage sin eigen juice, det kan anbefalast!!


«Barnehagen skal leggje rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna» (RP,2017)