Frå nyttår av har vi hatt ulike misjonssamlingar her i barnehagen.
Årets misjonsprosjekt handlar om Mali
og Elfenbeinskysten.
Her har vi besøk av Hege Dalhaug frå NLM ung.
Borna har gjennom song og ulike
aktivitetar fått blitt kjent med dyra, maten og korleis menneska der lever. At
husa deira ser annleis ut, at maten og frukta smakar litt annleis, enn det den
gjer her heime i Norge. Der bor også veldig mange spennande dyr, som løve,
elefant, ape og krokodiller. Vi har sunge om dei ulike dyra, høyrd på kva slags
lydar dyra lagar, og sett på bilete av dei.
Vi har også fått utfolde oss kreativt
her i barnehagen med å måle og teikne dei ulike dyra og også flagga.
Vi har også sett på skilnaden mellom
oss som lever her i Noreg, og dei som lever der, både korleis husa ser ut,
kleda dei brukar og at dei aller fleste har dyr i hagen sin.
Gud har
skapt oss alle, så vi har like stor verdi.
Mange som bor i Mali er fattige, og
fleire av dei som bor der arbeider som gullgraverar, og på grunn av det er der veldig mange
store hol i bakken, som er farlig for dyra som bor der. Mange av husdyra fell
nedi og då kjem dei seg ikkje opp igjen.
Dette er noko av det misjonsprosjektet
går ut på i år, at vi skal samle inn pengar slik at dei kan klare å få tetta hola
igjen.
I samlingane syng vi om "dyra i
Afrika", har gravd i "månesand" for å leite etter gull, vi har
også smakt på ananas, sharon og mango som er typiske frukter derifrå!
Her kan dykk sjå litt frå ei av
samlingane våre på Blå avdeling, der vi grov etter gull og lagde afrikanske
rytme med blant anna trommer etter misjonssamlinga!