Det er kjempeviktig å drikke masse når det er så varmt som det er i
Vest-Afrika. Av og til er det godt med noko anna enn vatn. I dag har vi på Grøn
avdeling laga ein kjempegod ingefær- og
sitronjuice. Denne er ganske sterk, men også veldig god!
Her har du oppskrifta:
Du treng 150 g ingefær i biter med skal på, 3,5 dl vann, eller så mykje
som må til for å dekke ingefæren, saft av 4 halvstore sitronar, 2,3 dl sukker og 1,7 liter vatn.
Skjer ingefærroten opp i mindre bita. Legg bitane i foodprosessor i lag
med 3,5 dl vatn, slik at det dekker ingefæren. Køyr foodprosessoren til det ikkje
lenger er klumpar av rot igjen. Bruk sil, eller noko som liknar, og skil ut vatnet
frå ingefæren i ein stor bolle, heilt til det ikkje lenger renn vatn av «grauten».
Bland ingefærjuice, sitronjuice og sukker saman, heilt til sukkeret ikkje
lenger synast. Bland deretter oppi 1,7 liter vann, eller meir, alt etter kor
sterk/svak juice du vil ha.
Serverast kald!
Vi på Grøn har lenge planlagt å lage slik juice som dei
brukar i Vest-Afrika. Heile denne veka har vi snakka, sett, kjent, lukta og
smakt på ingefærrot og sitron. Alle var
klar til å gå i gong!
Først starta vi med å sjå på
alt vi skulle bruke og
repeterte litt kva dei ulike tinga heiter.
Vi skar opp ingefærrot i små bitar.
All
ingefærrota hadde vi opp i blendaren og hadde vatnet oppi.
Vi pressa ut sitronsafta:
Etter at vi hadde sila
ingefærrota og sitronsafta, målte vi opp sukker og vatn.
Vi blanda alt opp i
ein bolle og rørte godt rundt.
Vi samarbeidde, venta på tur
og hadde ei kjekk stund medan vi alle hjelpte til
å lage slik juice som dei
brukar i Vest-Afrika.
Så var vi klar til å
smake. Tenk å lage sin eigen juice, det
kan anbefalast!!
«Barnehagen
skal leggje rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede,
deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna» (RP,2017)