NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 18. januar 2019

SOLFEST på BLÅ og GUL


Som tradisjonen tilseier feirer vi i Tryggheim Barnehage, Vatne solfest kvart år.



I år med dei minste valgte vi å ha ei felles samling på Blå avdeling, der dei små gule også deltok. Vi hadde måla sola på vindauget tidlegare på morgon, barna hadde måla ei, og dei vaksne ei. 



I samlinga song vi solsangar med bevegelse, men uansett kor mykje vi song, kom der ingen sol. Vi måtte ta til takke med snø i staden! 

 Vi måla også kvar si sol med gulmåling, noko måling for på arket, men den måtte også smakast på!



Til fruktmåltidet fekk vi servert solbollar og gul smoothie, gult er kult (og godt) 💛.



Vi på småbarn gleder oss til å sjå meir av sola, og satsar på den dukkar meir opp etterkvart. Snø, sol og finevær kan gjere at utetida blir kjekkare for både store og små.