NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 23. januar 2019

Raud avdeling på flytur til Mali og Elfenbenskysten i Afrika



Ei gruppe på Raud avdeling reiste med eigen billett til Mali.


Medan vi flaug, såg vi savannen under oss (på film). 
Vi såg mange dyr: Løve, sebra, flodhest, nasehorn og giraff. 


 Vi såg elefant også. Dei har store kvite horn som heiter elfenben. Det er derfor det heiter Elfenbenskysten. Fordi det er så mange elefanter der!


I Mali har dei kakaoplanter, og ananas og mango i trea. 
Her brukte vi sansane våre. Vi lukta på kakao og kjende på ein ananas. 
Det var rart å kjenne på ananasen utanpå!



 Vi smakte også på deileg og saftig ananas og mango!





Så reiste vi heim med flyet over snøkledde markar i Noreg.

Takk for turen!