NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 29. januar 2019

Prosjekt softislaging i snøen med Førskulegruppa


Det gjekk ikkje lange tida frå snøen begynte å dale til barna lurte på om vi kunne lage softis i år også slik vi gjorde i fjor J 
Vi fekk KjøkkenLinda til å bestille fløyte til oss slik vi hadde den klar til ein dag det var mykje snø. 


Klare til å sette i gang med «prosjekt softis»!
Endelig var dagen her, vi hadde alle ingrediensene klare og snøen låg fortsatt. Vi var litt spente på om vi kom til å få det til sidan all snøen var kjempehard ute, men vi visste råd! 


Oppå taket på leikarhytta, der var snøen rein og mykje mjukere J

Først måtte vi ha fire fulle litermål med snø kom vi fram til. 
Barna «fanga» snøen som Mette skubba ned frå taket J



Vi lukta på vaniljesukkeret, og det lukta kjempegodt!


Det var så kaldt ute at vi beholdt vottane på. Vi hjalp Mette med å telle når ho putta dei ulike ingrediensane til softisen oppi den vesle plastikkposen. 
I ein stor pose hadde vi 4 liter snø og 10 ss salt. Spennande å sjå kva som skjedde når vi blanda snø og salt! Då vart det ein kjemisk reaksjon slik at snøen blei forandra til is, og det vart kjempekaldt inni posen! J


Vi putta posen med ingrediensane til softisen oppi den store posen med snø og salt, også rista vi i 10 minutt. Det var tungt å riste!


Det var 10 kjempelange minutt å vente! Endelig var softisen ferdig! 
Vi sa det var den beste vi har smakt! Superpopulært! J


I den store posen
4 l
snø (ein 8 liters pose halvfull)
10 ss
salt (200-250 gram)
I den vesle posen
2 dl
kremfløte
1 dl
melk
5 ss
sukker
1 ss
vaniljesukker

-----------------------------------------------------------------------------------------------

1.    Ha snø og salt i ein stor plastpose som på ca. 8 liter.
2.    Ha i fløyte, melk, sukker og vaniljesukker i ein mindre pose 
     på ca. 6 liter.
3.    Blås inn luft og knyt posen godt igjen. Den skal være oppblåst slik at ca. halvparten består av luft.
4.    Putt fløyteposen i posen med salt og snø, og knyt godt igjen rundt toppen så fløyteposen sitt godt fast.
5.    Hald posen med begge hender og rist heilt til fløyten vert til softis, ca. 10 minutter.
Tips!
Kor lenge du må riste kjem blandt anna på temperaturen ute og kor hardt du ristar. Du kan riste til ønska konsistens. Blir isen for hard, kan du tine den litt igjen ved å varme opp posen med hendene til ønska konsistens.
6.    Klipp hol på posen og klem ut softis i koppar. Server gjerne med kvikklunsj eller anna sjokolade.