Vi måla, klipte og limte.
Vi på barnehagen baka solbollar i lag.
Vi
laga runde bollar og etterpå hadde vi vaniljefyll i.
Åh, det lukta så godt over heile barnehagen!
Vi
målte soler i ansiktet. Nokre ville ha i panna, på kinnet eller på nasen. Det
kila litt, men det var kjempespennande og vi måtte rett bort til spegelen for å
sjå! Alle venta på tur og dei vaksne var imponert over kor flinke alle var.
Etter at vi var ute i stormen og kosa oss i snøen
gjekk vi inn til felles solfest i lag med Raud, Grå og Grøn. Gul og Blå åt inne
med seg sjølv. Vi andre fann oss plass attmed borda, sang solsangar og kosa oss
med gode solboller og gul smoothie.
Det var ein
topp dag, der vi brukte skapargleda til å forme våre eigne soler, vart måla
soler i ansiktet og laga gode boller som vi kosa oss med i lag.
Ein dag med
fellesskap og glede!!